forster.jpg

Angus, det einaste australske innslaget i huset, kjem frå kystbyen Forster (uttalast ‘Foster’), om lag ein og ein halv times køyretur frå Newcastle. Med lange strender og store innsjøar, fungerer Forster som ferieby for barnefamilier og turistar frå utlandet.

Dagen etter vi kom tilbake frå Sydeny pakka vi sakene på nytt og reiste nordover i ein fullasta bil: med Angus, Asgeir, Lars, Eivind og meg. Planen var å vere i Forster ei kortare periode, og bu med foreldra til Angus, for så å køyre vidare, men på grunn av det dårlege været i områda nordover, blei vi verande i feriebyen til torsdag. Den første dagen var vi på stranda på biletet ovanfor. I den eine enden var der ei bratt sanddyne. Vi kunne rulle frå toppen og nesten heilt ut i havet, over hundre meter nedanfor. I motsatt ende holdt “the Rocks” til, ein urgammal steinkonsentrasjon under eit berg. Read the rest of this entry »

Potetball i Sydney

februar 24, 2008

ball.png

Idag tok vi toget til Sydney kun for å ete ball. Då vi var ferdige tok vi toget tilbake.

Reisinga til Australia fungerte ikkje optimalt: både vi og bagasja kom fram, men reisa blei litt lenger enn planlagt. Dagbussen gjekk greit, natta på Gardermoen var grei. Og så stakk vi til London: den første verkelege krisa skjedde på flyet til Heathrow. Eg var så svolten at det var like før eg døde, så eg og Eivind kjøpte kvar vår GO’MORGEN Yoghurt, men eg lot vere å opne min før flyet tok av, i og med at det er så vanskeleg å bli kvitt søppel tidleg i flyturen. Men Eivind opna sin og gløymte å ta av skeida slik at han kom til å søle yoghurt i flyet viss han prøvde å rive den av. Derfor ville han ha skeida på min yoghurt. Og så kunne eg få hans skeid etterpå. Eivind åt opp yoghurten sin og irriterte seg over søppelet han blei sittande med. Han ga det til ein av dei britiske flyvertinnene. Det tok eit kvarter før eg skjønte kva som hadde skjedd. Eg tok hevn ved å bli forkjøla og å hoste på Eivind når han sov over resten av flyturen. Read the rest of this entry »