20th Eddy street

februar 25, 2008

Asgeir og Lars bur i 20th Eddy street, Hamilton, ein plass mellom Universitetet i Newcastle og Newcastle sentrum. Det er nokon steinkast frå togstasjonen i Hamilton. I huset bur også Bjarni, Ingrid, Bergá og Angus. Eg trur dei med b-ar som forbokstavar er semi-islandske og Angus er frå Australia, men han kan likevel dei viktigaste norske glosane. Huset har boblebad og kjøleskapet hadde meir tonic water enn brus.

Vaksine mot haiangrep

februar 6, 2008

Eg las ein artikkel om australsk fauna (ikkje om hai, men likevel ein interessant artikkel) – og så slo det meg at avreisedatoen er rett rundt hjørnet. Fordi eg har faktisk ikkje tenkt på reisa før eg las denne artikkelen om wombat-sex; på ingen måte har eg brukt kvart jævla minutt etter nyttår på å sjå fram til sol, strand og boksande kengeruar, kom kjenslar som “spenning,” “glede” og “sommarfuglar i magen”. Uansett: det er fem dagar til eg reiser og eg har ein heilt tom koffert ståande på gjesterommet. Denne kofferten skal ikkje vere tom om fem dagar.

Sjølv om det ser ut som nesten ingenting er på plass, vil eg tru at dei viktigaste bestanddelane er teke hand om: eg har pass, visum og litt under godkjent økonomisk grunnlag for å drive dank i Australia fram til mai. Eg har også ein flybillett (slik eg kjem meg dit og heim igjen). Eg har klær, og eg har også ein tom koffert til å ha klær i. Forhåpentlegvis vil eg og Eivind ha ein plass å bu når vi kjem til bakvendtland; sett at Asgeir får ut fingeren. Read the rest of this entry »

Ut på tur, aldri sur!

januar 8, 2008

I mitt mest uproduktive og minst innholdsrike leveår sidan eg slutta med smokk og bleier, har eg bestemte meg for å bu Australia frå februar til mai. Eg har oppretta ein reiseblogg for å dokumentere kva eg held på med på fengseløya, og for å unngå om lag halvparten av dei timelange telefonsamtalane heimatt – altså mest for mamma, men også for andre med ei usunn, snokande interesse i mitt privatliv.

Denne bloggen kjem til å inneholde mindre frekvente oppdateringar om Asgeir, Eivind, Lars og min eigen livsførsel og bilete for å bevise dei ufatteleg spennande historiene våra – hovudsakleg barske nordmenn i bar overkropp.

Avreisedatoen er 11. februar og vi (eg og Eivind) kjem tilbake 10. mai – pluss jetlag.