Roadtrip til kystbyen Forster
mars 27, 2008

Angus, det einaste australske innslaget i huset, kjem frå kystbyen Forster (uttalast ‘Foster’), om lag ein og ein halv times køyretur frå Newcastle. Med lange strender og store innsjøar, fungerer Forster som ferieby for barnefamilier og turistar frå utlandet.
Dagen etter vi kom tilbake frå Sydeny pakka vi sakene på nytt og reiste nordover i ein fullasta bil: med Angus, Asgeir, Lars, Eivind og meg. Planen var å vere i Forster ei kortare periode, og bu med foreldra til Angus, for så å køyre vidare, men på grunn av det dårlege været i områda nordover, blei vi verande i feriebyen til torsdag. Den første dagen var vi på stranda på biletet ovanfor. I den eine enden var der ei bratt sanddyne. Vi kunne rulle frå toppen og nesten heilt ut i havet, over hundre meter nedanfor. I motsatt ende holdt “the Rocks” til, ein urgammal steinkonsentrasjon under eit berg.
Eg, Asgeir og Lars gåande mot sanndyna.
Eg og Asgeir på “the Rocks.”
Seinare på dagen fekk vi eit tradisjonelt australsk BBQ-måltid med foreldra til Angus, og vi holdt det gåande utover kvelden med samtalar om likheiter og ulikheiter mellom Norge og Australia. Den neste dagen padla vi i den lokale innsjøen, som teknisk sett ikkje var ein innsjø, meir ein fjord, kanskje – sjølv om Angus refererte til den som “lake”. Vi leigde to kanoar og ein kajakk, og gjekk i land på eit par øyer i “fjorden” for å bade og slappe av.
Lars, Angus, meg og Asgeir i to kanoar; bilete tilsynelatande teke av Eivind ifrå kajakken.
Eg og Lars som ror sinnsvakt raskt over innsjøen.
Asgeir og Eivind plaskar ved sida av båtbrygga.
Vi reiste heim, solbrente på skuldrane, og såg verdens dårligaste fotballkamp, VM-kvaliken mellom Kina og Australia.
Asgeir klør magen til Angus sin smellfeite hund med beina sine.
Den siste dagen i Forster gjekk vekk på golfbana til tvillingbyen Tuncurry. Ingen, utanom den “innfødde,” hadde noko erfaring med golf, og vi laga difor haugevis med hol som vi måtte fylle med sand etter oss. Men golfbilane var det kulaste, hadde det ikkje vore for dei, hadde vi aldri orka å fullføre fem av dei ni hola vi i utgangspunktet skulle putte.
“Ready, set, go!”
Angus set fjellapane på plass med eit korrekt utført slag.
Bom x 3. (Ingen kommentar.)
“Good onya! You foreign drongoes sure can play golf!”









