Vaksine mot haiangrep
februar 6, 2008

Eg las ein artikkel om australsk fauna (ikkje om hai, men likevel ein interessant artikkel) – og så slo det meg at avreisedatoen er rett rundt hjørnet. Fordi eg har faktisk ikkje tenkt på reisa før eg las denne artikkelen om wombat-sex; på ingen måte har eg brukt kvart jævla minutt etter nyttår på å sjå fram til sol, strand og boksande kengeruar, kom kjenslar som “spenning,” “glede” og “sommarfuglar i magen”. Uansett: det er fem dagar til eg reiser og eg har ein heilt tom koffert ståande på gjesterommet. Denne kofferten skal ikkje vere tom om fem dagar.
Sjølv om det ser ut som nesten ingenting er på plass, vil eg tru at dei viktigaste bestanddelane er teke hand om: eg har pass, visum og litt under godkjent økonomisk grunnlag for å drive dank i Australia fram til mai. Eg har også ein flybillett (slik eg kjem meg dit og heim igjen). Eg har klær, og eg har også ein tom koffert til å ha klær i. Forhåpentlegvis vil eg og Eivind ha ein plass å bu når vi kjem til bakvendtland; sett at Asgeir får ut fingeren.
Eg har faktisk laga ei pakkeliste inndelt i kategori a) handbagasje og kategori b) koffert. Flyturen vil nesten ta eit heilt år så det kan vere praktisk å ha med ein del godkjente effekter i handbagasja. Eg vil naturlegvis unngå kroppsvisitering av ei enorm britisk-indisk på Heathrow. Det oppsummerer kategori a) handbagasje: “ting som ikkje fører til at eg blir eigd på ein flyplass.” Kategori b) koffert, er endå enklare å oppsummere, den består stort sett av eksplosive, tikkande, skarpe og/eller giftige ting.
No byrja det akkurat å snø – igjen. Eg gler meg til å forlate landet.
februar 7, 2008 at 8:43 pm
Jeg blei eid på flyplassen. Jeg måtte til og med ta av meg skoa. Og dama tok meg på rumpa. Du veit, noe sånt noe kunne kanskje blitt en ny opplevelse for deg. Med tanke på det intime rundt det.
Preben sier:
skriv at du også gler deg til eg forlatar landet
februar 8, 2008 at 11:10 pm
Eg gler meg også til du forlatar landet.
februar 9, 2008 at 12:21 am
Mobbing på nettet! Best å ta kontakt med Gro Jørgensen i Konfliktrådet!